Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

Service og reparasjon

Me utfører alt fra småjobbar til større reparasjonar, samtidig som me yter ytterste kvalitet på vår service. Hjå oss skal du vere trygg på at bilen din har fått den beste behandlinga som er mogleg å yte.

Nedanfor finn du ei oversikt over nokre av våre servicetilbod. Finn du ikkje det du er ute etter er du velkommen til å kontakte oss så finn me ei løysing på problemet.


Feilsøking/Diagnose

Moderne bilar er utstyrt med fleire ulike elektroniske system som styrer store delar av det som skjer i bilen. Lyser det ei varsellampe les me av feilkodane og finn ut kvar feilen ligg. 

Diagnoseverktøyet brukast som oftast når varsellamper lyser når dei ikkje skal, som etterkontroll av bilen, eller før reparasjon.

Pris kr.890,-

Hjulstillingskontroll

Er dekka dine skeivt slitt, eller opplever du at bilen dreg til ei side når du køyrer? Da kan det være at du har skeiv hjulstilling. 

Hjå oss får du utført hjulstillingskontroll. Anten kun forann, eller forann og bak.

Pris fra kr. 1285,- 

Reparasjon og vedlikehold av

          AC-anlegg

For å oppretthalde klimaanleggets funksjonalitet er jamnleg vedlikehald viktig. Me anbefalar service på AC-anlegg annakvart år. 

Klimaanlegg bør også rensast, da anlegget er ein grostad for bakteriar og farlege soppsporar. Dette kan framkalle alergiplagar eller ubehageleg lukt i bilen. 

 

Polering av lykter 

Er lyktene på bilen din dårlege, eller slit du med dårleg lys? 

Me tilbyr polering av lykter. 

Enkel service  - drop in

Eksempelvis lyspæreskift, lading av bilbatteri, lapping av dekk og liknande. Små jobbar som dette går fort unda, og noko me som oftast kan ordne raskt. 

Service og oljeskift

På tide med oljeskift?

Regelmessig vedlikehald av din bil er den beste forebyggingen av uforutsette problem. På denne måten kan du sikre deg eit mest mogleg problemfritt bilhald. Tidspunkt for service og omfanget av denne finn du i bilens vedlikehaldshefte. 

DAB-radio

Me monterar DAB-radio og DAB-adaptarar. Hjå oss kan du velge mellom fleire variantar, der i blant C5 adaptaren som er kåra til best i test av Lyd & Bilde. 

Hjulskift

Me foretek hjulskift på alle bilar, enten du har dekk fra før av, eller treng nye. 

Pris fra kr 400,-

 

 

Personvernerklæring

Logg inn