Korleis bruker eg vaskehallen?
Bilvasken er utstyrt med tre funksjonar; avfeitting, shampoo og spyling. På kvar side av hallen er det to pistolar, desse er for shampoo og spyling. I tillegg er det ein pistol på venstre side som går til avfeitting, den går i taket og når rundt heile bilen.
Underspylingen er knytta til boksen ved sida av sjølve bilvasken. Underspyling anbefalast spesielt på vinteren, da det fjernar vegsalt under bilen og kan verke forebyggande mot rust.